OFTE STILTE SPØRSMÅL OM STRAUM

Trykk på spørsmålet for å sjå svaret.

 

KUNDE

Korleis vert eg straumkunde?
Du kan bestille straum på våre nettsider, ringe kundesenteret vårt på 57 88 47 47 eller sende oss ein e-post til kundesenter@sfekraft.no 

Korleis byttar eg straumavtale?
Dette kan du enkelt gjer du sjølv på Mi side

Eg skal flytte, kva må eg gjere?
Skal du flytte, fyller du ut flytteskjema, og tek med deg straumavtala di til den nye bustaden din. Flytteskjema

Har SFE dyre tilleggsprodukt?
Nei.

Eg har kjøpt meg ny bustad/hytte, korleis bestiller eg straum?
Du kan bestille straum på våre nettsider, ringe kundesenteret vårt på 57 88 47 47 eller sende oss ein e-post til kundesenter@sfekraft.no 

Kvar finn eg angrerettskjema?
Dersom du ynskjer å benytte deg av angreretten, kan du laste ned skjema for angrerett her.  Du har 14 dagars angrerett etter avtalen er inngått, der du ikkje treng opplyse årsak.

AVLESING

Kvar finn eg målarstand?
Målarstanden finn du på straummålaren din. Denne er plassert i sikringsskapet eller i eit eige skap plassert utvendig på huset.

Kvar finn eg målepunktID?
MålepunktID finn du på fakturaen eller på sjølve målaren. Dette startar alltid med

7070575000----------

Korleis les eg av målaren?
Du finn målaren i sikringsskapet eller i eit eige skap plassert utvendig på huset. Ta med alle tal. Har du målar med desimaltal, tek du berre med tala framføre komma.

Korleis registrerer eg målaravlesinga?
Dette gjer du enklast ved å kontakte nettselskapet ditt.

Kva skjer om eg ikkje les av målaren?
Då vil nettselskapet berekne straumforbruket ditt.

Eg får feilmelding på målaravlesinga, kva kan vere gale?
For å finne ut dette, må du ta kontakt med nettselskapet ditt.

FAKTURA

Kva er SFE Kraft sitt kontonummer?
Kontonummeret til SFE Kraft er 8601 68 77400

Korleis får eg eFaktura og/eller Avtalegiro?
Har du nettbank, kan du enkelt opprette eFaktura og Avtalegiro. Dette er avtaler mellom deg og banken din.

For å opprette eFaktura, treng du eFakturareferansen. Denne finn du på framsida av fakturaen din. Når du har oppretta eFaktura, vil du motta ein e-post og må godkjenne fakturaen før konto vert belasta.
AvtaleGiro opprettar du i nettbanken eller ved å kontakte banken din. AvtaleGiro vert sendt direkte til banken for automatisk trekk. Du får betalingsvarsel tilsendt på papir eller elektronisk.


Det enklaste for deg som kunde er å opprette både eFaktura og AvtaleGiro. Då vert fakturaen sendt til nettbanken din og vert automatisk trekt ved forfall.

Kan eg utsette eller dele opp faktura?
Du kan utsette eller dele opp fakturaen din ved å gå til Mi side

Kor ofte kan eg få straumrekninga mi?
Dersom ikkje anna er avtalt, sender vi deg faktura kvar månad.

Kvifor er faktisk faktura høgare enn prøveavrekninga?
Dette skuldast at nettleiga ikkje er med på SFE Kraft sin faktura. For å få eit komplett oversyn over kva du skal betale, må du legge til nettleiga. Opplysingar om nettleige får du fra nettselskapet ditt.

Kvifor viser Mi Side at faktura ikkje er betalt når den er betalt?
Det kan ta litt tid frå du betalar fakturaen til dette viser på Mi side  Dersom Mi side viser ubetalt faktura ei veke etter at du betalte, kontakt oss på kundesenter@sfekraft.no 

Eg har ny/står med feil adresse, kan de endre?
Skal du flytte eller har fått ny adresse, ta kontakt med nettselskapet ditt.

Eg har ikkje fått fakturaen
Du finn alle fakturaer - både betalte og ubetalte - på Mi side

Eg har betalt same faktura to gonger, kva skjer?
Om dette skjer like etter forfall, betalar vi det eine beløpet tilbake til deg. Skjer det nær neste forfall, går det du har betalt for mykje til fråtrekk på neste faktura.


Kan eg få oversyn over ubetalte rekningar?
Sjølvsagt. Du finn alle fakturaer - både betalte og ubetalte - på Mi side

Kvifor har eg fått så høg straumrekning?
Dette kan skuldast fleire ting. Slikt kan skje dersom det er lenge sidan du las av straummålaren og nettselskapet ditt har stipulert for lavt forbruk. Eller kan det hende at du har rapportert inn feil målarstand då du las av sist?

 

MI SIDE

Korleis loggar eg på Mi side?
Gå til Mi side og klikk på «registrer brukar».
Ein e-post med verifikasjonslenke vert sendt til deg. Trykk på lenka i e-posten for å verifisere brukaren din. Det kan ta eit minutt eller to før du mottar denne e-posten.
Dersom du ikkje har fått e-post for verifikasjon, sjekk om den er hamna i spamfilteret. Kanskje du oppga feil e-postadresse under registreringa? Då kan du registrere brukaren på nytt her. 

Kan de hjelpe meg å opprette ein brukar på Mi Side?
Om du ikkje får til å registrere deg på Mi side, ta kontakt med kundesenteret vårt på kundesenter@sfekraft.no

Kva er forventa årsforbruk på huset mitt?
Du finn historikk på forbruket ditt på Mi side. Klikk fane "Målar" og undermeny "Forbruk". For komplett oversyn over forventa årsforbruk, ta kontakt med nettselskapet ditt. Mi side

 

ANNA

Kvifor må eg forhalde meg både til kraft og nett?
Du må forhalde deg både til kraft og nett sidan du alltid er knytt til same nett og nettselskap, medan du kan kjøpe straum frå kva kraftleverandør du måtte ynskje.

Kvifor er nettleiga så dyr?
Sidan SFE Kraft berre leverer straum, må du spørje nettselskapet ditt om dette.

Ved utleige, kor mykje bør eg ta for straumen på minusmålar?
Medrekna nettleige bør du ta omlag 1 kr pr. kWh dersom du har straumavtale "SFE Innkjøpspris" eller "God straum"

Korleis kan eg spare straum?
Du finn gode råd om kva du bør gjere hos Enova.