KRAFT I VEST 26.-27. SEPTEMBER 2019

SFE <picture/>

Kraft i Vest har etablert seg som ein viktig næringskonferanse, med rundt 370 deltakarar i 2018. På scena stod rundt 25 samfunnstoppar, næringsleiarar og fagekspertar, og dei delte kompetanse innan tema som grønt næringsliv, teknologiske og miljøvenlege nyvinningar og innovative bedriftskulturar.

I 2019 arrangerer vi Kraft i Vest den 26.-27. september, og vi håpar du set av datoen allereie no. Når programmet er klart, blir informasjon om føredragshaldarar, program og lenke til påmeldingsskjema tilgjengeleg her, i nyheitsbrev (meld deg på nyheitsbrev her) og på konferansen si Facebook-side.

Kraft i Vest blir arrangert i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Høgskulen på Vestlandet.