Det nye vasskraftverket i Østerbø blei i går offisielt opna. Årleg produksjon her tilsvarer straumbruken på ei av fergene mellom Lavik og Opedal i heile 50 år.
Statsminister Jonas Gahr Støre stod for den offisielle opninga av Jølstra kraftverk i Sunnfjord kommune. Dette er det tredje kraftverket som SFE opnar i år.