Flytte ut

Dersom du skal flytte ut og ein annan skal ta over bustaden, eller bustaden sitt straumanlegg skal stengjast, så brukar du flyttemeldinga du finn på Mi side. Merk at du berre kan melde flytting tilbake i tid fordi vi må ha avlesing på flyttedato.

Du må vite utflyttingsdato i tillegg til målerstand for nåverande bustad. I tillegg må du ha namn og mobilnummer på den som tek over abonnementet, eventuelt namn og telefonnummer på huseigar. Dersom ingen skal overta bustaden og anlegget skal stengjast må du oppgi opplysingar om ein kontaktperson som kan gi oss tilgang til å stengje anlegget.

Hugs dette når du flyttar
Den dagen du flyttar ut, må du levere målarstand til netteigaren din. Netteigar avsluttar då abonnementet på den gamle adressa di. Når du flyttar inn på ny adresse, må du bestille nettleige hos den lokale netteigaren så snart du kan. Har du meldt flytting til SFE, beheld du straumavtala di.

Kontakt oss

  • Send e-post
  • 57 88 47 47 (kundesenter)
  • 57 88 47 00 (sentralbord)
Sparetips

Luft rett