Flytte inn

Dersom du skal flytte inn i ein bustad, eller overta ein bustad i vårt nettområde så brukar du flyttemeldinga du finn på Mi side.

Dersom du skal flytte til eller overta ein bustad som ligg utanfor vårt nettområde så må du ta kontakt med den aktuelle nettleverandøren i det området du skal flytte til.

Opplysingar du må ha for bustaden du skal flytte inn i eller overta er anten målarnummer eller namn på tidlegare kunde. I tillegg treng du den nye bustaden si gateadresse, postnummer og dato for overtaking.

Hugs dette når du flyttar
Den dagen du flyttar ut, må du levere målarstand til netteigaren din. Netteigar avsluttar då abonnementet på den gamle adressa di. Når du flyttar inn på ny adresse, må du bestille nettleige hos den lokale netteigaren så snart du kan. Har du meldt flytting til SFE, beheld du straumavtala di.

Kontakt oss

  • Send e-post
  • 57 88 47 47 (kundesenter)
  • 57 88 47 00 (sentralbord)
Sparetips

Bruk tidsur