Personvernerklæring - SFE Kraft - SFEno

Personvernerklæring - SFE Kraft

SFE Kraft rettar seg etter personopplysningslova, men har også utarbeidd retningslinjer som skal sikre at personopplysningar vert behandla riktig. Det er berre SFE Kraft som har tilgong til opplysningane, med unntak av underleverandørar som må inn og bistå med hjelp. Ei eiga avtale mellom SFE Kraft og underleverandørar seier kva informasjon dei har tilgong til og korleis den skal behandlast.

Personopplysningar og samtykke

Når du blir kunde hos oss, treng vi nødvendige personopplysningar som namn, adresse og kontaktinformasjon. Dette er nødvendig for å gjennomføre bestillinga, men også for å kontakte deg om det skulle vere behov.

For at vi skal kunne sende deg informasjon eller tilbod via e-post eller sms, må du samtykke til dette. Det kan du gjere i samband med bestillinga di, eller på «Mi side» på www.sfe.no. Du kan sjølvsagt også kontakte oss på e-post eller telefon for å gje samtykke. Du kan når som helst trekke samtykket ditt tilbake.

Opplysningane vi har om deg, brukar vi for å administrere kundeforholdet ditt best mogleg. Vi kan til dømes bruke det for å gjennomføre leverandørbyter eller produktbyter, hjelpe deg ved flytting, eller endre adresse eller kontaktinformasjon. Om du tek kontakt med oss om ei sak, vert dette loggført i kundesystemet vårt, slik at vi kjenner til historikken og lettare kan hjelpe deg ein anna gong. Ver merksam på at informasjon du sender oss via e-post og chat, ikkje er kryptert. Vi anbefaler derfor at du ikkje sender sensitive opplysningar via desse kanalane.

Web

SFE Kraft brukar Google Analytics til å samle inn statistikk om besøkande og deira brukarmønster på nettsidene våre. Google Analytics Demographics gir oss også anonymisert demografidata på besøkande. SFE Kraft brukar desse analyseverktøya for å forbetre og tilpasse nettsidene. Google har eigne retningslinjer for personvern, og informasjon dei mottek, er underlagte Google sine retningslinjer.

Cookies er informasjonskapslar som legg seg på pc/nettbrett/tlf din når du besøker ei nettside. Vi brukar cookies for å generere statistikk og analysere brukarmønsteret på nettsidene. Informasjonen frå cookies er anonymisert. Vi brukar også cookies for remarketing både i Google og Facebook. Dette gjer at du kan oppleve å sjå annonser frå oss på andre nettstader. Desse informasjonskapslene inneheld kun informasjon om korleis du har brukt nettsida vår, og ikkje opplysningar som kan sporast tilbake eller identifisere deg som kunde.

Viss du ikkje ønskjer at vi skal lagre cookies på på pc/nettbrett/tlf din, kan du sjølv endre innstillingane for dette i nettleseren din. Ver oppmerksom på at mange nettsider ikkje vil fungere optimalt om du gjer dette.

SFE Kraft brukar verktøy som Apsis og Facebook i marknadsføringa vår. Desse verktøya brukar også cookies og sporar bevegelsane dine på nettsidene våre om du kjem dit frå ei annonse eller ei anna utsending frå våre marknadsverktøy.

Kundeinformasjon ligg også på brukarkontoen din på «Mi side», om du registrerer deg der. På «Mi side», kan du endre kontaktinformasjon, byte straumavtale og sjå oversikt over kundeforholdet ditt. Enkelte endringar krever godkjenning før dei vert aktive.

 

 

Innsyn

Jmf personopplysningslova §18, har du krav på å sjå kva opplysningar vi har registrert om deg. For å få dette, må du sende ei skriftleg henvending til kundesenteret vårt. Viss opplysningane om deg ikkje stemmer, eller er ufullstendige, kan du krevje at desse vert retta opp, jmf personopplysningslova §27.

Jmf personopplysningslova §28, skal opplysningar som ikkje lenger er nødvendige ut frå det formål dei er lagra for, slettast. SFE Kraft lagrar personopplysningar i henhold til gjeldande lovgivning. Om du avslutter kundeforholdet ditt, kan du krevje å bli sletta frå kundesystemet vårt. Send oss då ei skriftleg henvending til: SFE Kraft kundesenter, Bukta, 6823 Sandane.  

    

Sparetips

Bruk tidsur