Straum og nettleige på same rekning!

I haust startar SFE med gjennomfakturering.  Då kan du få felles rekning for straum og nettleige.

Kvifor gjennomfakturering?
Mange meiner at èi felles rekning for straum og nettleige er viktig når ein skal velje sin kraftleverandør. Våre kundar i SFE sitt nettområde vil framleis få alt på ein faktura. Det nye er at alle kundar utanfor vårt nettområde også snart vil få dette

Kva betyr dette for deg?
Dersom du får ei rekning for straum og ei annan for nettleige no, vil du kunne få desse på ei samla rekning i løpet av hausten. Det er dette som kallast gjennomfakturering. Du som kunde treng ikkje gjere noko i høve dette. Vi gir deg melding før endringa trer i kraft.

Du kan lese meir om gjennomfakturering på NVE sine sider.

Kontakt Oss

  • Send e-post
  • Sentralbord: 57 88 47 00
  • Kundesenter straum: 57 88 47 47 Kundesenter nett: 57 88 48 50
  • Straumbrot: 57 88 48 00
Sparetips

Alternativ lysbruk