Kriterium

Dei seinare åra har SFE årleg motteke ein stad mellom 150 og 250 søknader, noko som er langt fleire føremål enn vi har høve til å støtte. Difor prioriterer vi søknadene ut frå visse kriterium. I vurderinga søkjer vi å finne ein best mogleg balanse mellom ulike regionar og ulike føremål, og vi søkjer å oppfylle så mange som mogleg av dei følgjande punkta:

  • Føremålet skal vere inkluderande og engasjere så mange som mogleg i lokalsamfunnet eller regionen
  • Søkjar skal ha ein ordna økonomi og eit tydeleg føremål med aktiviteten
  • Samarbeidet med SFE skal synleggjerast så langt det fell seg naturleg
  •  

Vi støttar ikkje:

  • Føremål som er i strid med våre grunnleggjande verdiar eller etiske retningslinjer
  • Enkeltpersonar som ikkje representerer ein klubb/organisasjon, og som ikkje kan sannsynleggjere at støtta vil gjere det mogleg å hevde seg på eit nasjonalt eller internasjonalt nivå
  • Politiske organisasjonar eller aktivitetar
  • Kommersielle organisasjonar eller aktivitetar

Søknadsfristar:

  • 15. april 2017
  • 15.  august 2017
  • 15. november 2017

Kontakt oss

  • Send e-post
  • 57 88 47 47 (kundesenter)
  • 57 88 47 00 (sentralbord)
Sparetips

Luft rett