Vi søkjer nye lærlingar

30.01.18

Likar du å vere utandørs, jobbe med varierte arbeidsoppgåver og er lysten på ei spennande framtid?  Då bør du søke lærlingplass i SFE.

Vi er nemleg akkurat no på jakt etter nye lærlingar på montørbasane våre i Bremanger og Eid. Arbeidsoppgåvene dreiar seg hovudsakleg om bygging og drift av SFE sine nettanlegg, og du vil jobbe i team med gode kollegaer. Det vi krev av deg er at du har rett fagleg bakgrunn /VG2 elenergi), gode haldningar og ikkje minst eit høgt engasjement for energimontørfaget.

I SFE er vi til saman 250 tilsette fordelt på ulike plassar i Sogn og Fjordane. Hovudkontora våre er på Sandane og i Florø. Vi har montørbasar i Florø, Askvoll, Rugsund, Måløy, Sandane, Breim og Eid og kor mange som jobbar på kvar base varierer frå seks til 20 tilsette.

Oppstart lærling er august 2018. Les meir og søk på stilling som lærling her.

Sparetips

Vask fulle maskiner