Ny kontaktinformasjon

I november vil SFE Kraft og SFE Nett få to ulike kundesenter. Bakgrunnen for delinga er at styresmaktene no krev eit klarare skilje mellom norske nettselskap og kraftselskap, og vi kan difor ikkje lenger ha felles kundesenter.

Slik kontaktar du oss
Kontakt SFE Kraft dersom du har spørsmål om straum og straumavtaler. Kontakt SFE Nett dersom du har spørsmål om nettleige eller andre nettrelaterte spørsmål. Er du usikker, så kontaktar du sentralbordet vårt på tlf. 57 88 47 00 mellom kl. 07.30 og 15.00. Målaravlesing leverer du slik du pleier på SMS, e-post, «Mi side» på sfenett.no eller på telefon til SFE Nett.

Kontaktinformasjon SFE Kraft

 Kontaktinformasjon SFE Nett

Tlf: 57 88 47 47

E-post: kundesenter@sfekraft.no

Chat med oss på sfe.no

Mi side: logg inn via sfe.no

 

Opningstider:

Man-tors: 07.30 - 16.00

Fre: 07.30 - 15.00

Tlf: 57 88 48 50

E-post: kundesenter@sfenett.no

Chat med oss på sfenett.no

Mi side: logg inn via sfenett.no

 

Opningstider:

Man-tors: 07.30 - 16.00

Fre: 07.30 - 15.00

 

 

 

Byte av kundesystem i SFE Kraft
I samband med delinga av kundesentera vil SFE Kraft legge om kundesystemet vårt. Vi skal gjere vårt beste for at du ikkje skal merke overgangen, men håpar du vil vere tolmodig med oss dersom det skulle oppstå problem eller ventetid på telefon i overgangsfasen.

Sparetips

Bruk tidsur