SFE med teknologiske smarthus-løysingar

Sogn og Fjordane Energi (SFE) og teknologiaktøren Safe4 Security Group har inngått eit strategisk samarbeid for å tilby konsept innan smarthus-, tryggleiks- og omsorgsløysingar på privatmarknaden.

Framtidas brukeropplevingar
–Vi satsar offensivt for å styrke tenestene til kundane våre, med fokus på teknologiske løysingar som gir auka komfort, tryggleik og energisparing, seier Christin Aare Vabø, marknadssjef i SFE.

–Gjennom IoT-plattformen til Safe4 kan SFE no tilby kundane energioptimalisering og smart heim-løysingar, og fordi den nye samarbeidspartnaren vår har bakgrunn frå sikkerheitsbransjen, kan vi levere mange nye tenester til kundane samstundes som vi kan vere sikre på at tryggleiken til bustadeigarane blir teke vare på. Som ein del av tilbodet inngår monitorering frå den FG-godkjente alarmstasjonen til Safe4. Via Safe4 sin IOT-plattform vert SFE i stand til å utvikle innovative forretningsmodellar og skape nye brukaropplevingar, seier Christin Aare Vabø i SFE.

Alt-i-eitt-løysing
General Manager i Safe4 Security Group, Ronnie Poulsen, er veldig forventingsfull til samarbeidet: –Vi er glade for at Sogn og Fjordane Energi vel vår teknologi og vår eigenutvikla Gateway når dei skal tilby fleire tenester i marknaden. Med løysingane våre kan energiselskapet tilby kundane energioptimalisering og smart heim-løysingar. Forbrukaren slepp å nytte mange ulike fjernkontrollar og app’ar for å styre heimen sin. Med vår felles løysing kan heimen styrast ved hjelp av èin enkel gateway og ein applikasjon. Vi meiner at vårt konsept gir SFE eit klart fortrinn i kampen om energikundane og at vi med dette bidreg til ein betre brukaroppleving, seier Ronnie Poulsen.

Sparetips

Luft rett