70 mill. kroner i halvårsresultat for SFE

Sogn og Fjordane Energi oppnådde eit konsernresultat etter skatt på 70 millionar kroner i første halvår 2016. Dette er 26 mill. kroner høgare enn første halvår 2015.

Konsernsjef Johannes Rauboti i Sogn og Fjordane Energi er nøgd med resultata konsernet leverer for første halvår. 

- Det er eit tilfredsstillande resultat når ein tek omsyn til marknadssituasjonen. Utviklinga i kraftpris vil ha mykje å bety for resultatet for resten av året. Ein ventar ein pris for 2. halvår på same nivå eller noko høgare enn for dei seks første månadane. Så langt forventar vi eit resultat for året som ligg om lag på same nivå som for 2015. Då enda resultatet etter skatt på 113 millionar kroner, seier Rauboti.

Kraftprisen auka med 1,5 øre i gjennomsnitt for 1. halvår 2016 samanlikna med tilsvarande halvår i fjor. Samstundes auka konsernet kraftproduksjonen med over 70 GWh. Eit viktig bidrag til resultatet kjem frå nettverksemda, og auka inntekter frå sentralnettet.

- Store delar av resultatauken i nettverksemda er knytt til auka nettkapital som følgje av investeringar i sentralnettet, med tilhøyrande auka inntekter frå Statnett for leige av dette nettet, seier Rauboti. 

Nøkkeltal for SFE-konsernet 1. halvår 2016 og 2015

Mill kr 1. halvår 2016 1. halvår 2015
Omsetning 584 550
Driftsresultat 173 154
Resultat før skatt 140 119
Resultat etter skatt 70 44
Sparetips

Sats på fleire varmekjelder