Framleis låge straumprisar i vente

Kraftmarknaden trur på framleis låge prisar dei neste 3-4 åra, i følgje Sogn og Fjordane Energi sine kraftanalytikarar.

Hausten er i anmarsj, og med merkbart kortare dagar og ein gradestokk som kryp nedover er mange spente på kva straumpris ein kan vente den neste tida. I dei seinaste vintrane har prisane vore milde mot straumkunden si lommebok, men vil det halde fram? Ja, trur kraftmarknaden. Ole Marius Gloppestad, kraftanalytikar i Sogn og Fjordane Energi, seier marknaden ventar at straumprisen vil halde seg under 30 øre (eks mva) også denne vinteren.

– Det er utfordrande å spå straumprisen. Vêr og vind betyr mykje, og det styrer vi rett og slett ikkje med. I tillegg blir vi påverka av prisen på alternative energikjelder og kva som skjer i andre land. Men slik det ser ut no ventar marknaden ein gjennomsnittspris på i underkant av 30 øre til vinteren. Det er relativt lågt for månadane frå desember til februar, sjølv om det er noko høgare enn sist vinter, som var mild og baud på lågt forbruk kombinert med mykje vass- og vindkraft, seier Gloppestad.

Normal magasinfylling

Gloppestad peikar likevel på at utfallsrommet kan vere stort.

– Blir det ein like mild og vindfull vinter som sist, kan prisane bli ein del lågare, og tilsvarande høgare dersom vinteren blir spesielt tørr og kald. I tillegg er Noreg delt opp i fem prisområder på grunn av flaskehalsar i nettet, og det vil vere prisskilnader mellom desse, seier han.

Kraftmagasina i Noreg er no om lag så fulle som dei pleier å vere på denne tida, men ikkje så fulle som dei var i fjor haust. Det skuldast i følgje Gloppestad at fjoråret baud på store snømengder på vinteren og ei snøsmelting som varte til langt ut i juli.

Låg i fleire år

Kraftanalytikaren frå Sogn og Fjordane Energi meiner alt tyder på at straumkunden kan vente seg låge prisar også i åra som kjem.

– Vi ser for oss at vi framleis vil ha låge kraftprisar dei neste 3-4 åra. Mest fordi vi byggjer ut ein god del meir fornybar kraft i Noreg og Sverige, samstundes som vi får inn meir sol- og vindkraft frå lenger sør på kontinentet som avlastar oss i periodar med lite vasskraftproduksjon her heime. Akkurat no ventar marknaden ein pris på rett over 20 øre i desse åra, men sjølvsagt med variasjonar i perioden, seier Gloppestad.

Sparetips

Alternativ lysbruk