Er du vår nye trainee?

I SFE finst det gode moglegheiter for deg som ønskjer å bli trainee. Hos oss jobbar 250 engasjerte medarbeidarar innan ulike fagfelt som elektro-, bygg- og maskinfag, IKT, energi, miljø, automasjon, krafthandel, marknad, sal, HR, økonomi, finans og kommunikasjon med meir. Vi søkjer etter ein trainee med bachelor- eller mastergrad som ønskjer å gjere ein innsats innan eit av våre fagmiljø.

Som trainee i SFE tek du del i Framtidsfylket Trainee sitt traineeprogram frå august 2017 til august 2018. Som trainee får du:

• Ein unik start på karrieren
• Fagleg og personleg utvikling
• Eit breitt nettverk med dei andre traineeane i fylket
• Ein mentor som følgjer deg opp
• Eit unikt innsyn i eit mangfaldig næringsliv i Sogn og Fjordane

Vi ønskjer at du har personlege eigenskaper som er i tråd med verdiane i SFE:

•Stolt - du er engasjert  og handlekraftig
•Frisk - du er eit frisk pust  som søkjer personleg utvikling
•Ekte - du er ærleg og har gode haldningar

Generelle krav til Framtidsfylket Trainee er

•utdanning på bachelor eller masternivå
•maksimalt tre års arbeidserfaring etter avslutta studiar
•beherskar norsk som arbeidsspråk

Søknadsfrist er 1. mars og for å søke traineestilling i SFE, gå til Framtidsfylket sitt elektroniske søknadsskjema.

Les meir om Framtidsfylket Trainee og søk traineestilling her.

Sparetips

Bruk tidsur