Er du vår nye prosjektingeniør?

Kunne du tenkje deg ein jobb med eit mangfald av faglege utfordringar, gode utviklingsmulegheiter, eit breitt spekter av oppgåver og høg aktivitet? Og det i lag med dyktige kollegaer? Då er det kanskje deg vi ser etter.

SFE Nett er inne i ein periode med høg aktivitet knytt til store investeringar i straumnettet. Vi søkjer etter ein ny prosjektingeniør til SFE Nett sitt kontor i Florø. Som prosjektingeniør vil du mellom anna jobbe med styring av prosjektportefølje, prosjektering og kalkulering av nettanlegg, ha dialog med involverte partar slik som byggherre, offentlege myndigheiter og grunneigarar.

Vi ser etter deg som har høgare utdanning innan elektro eller byggrelaterte fag, og som har erfaring innan prosjektering og prosjektleiing. Du arbeider strukturert, er positiv og løysingsorientert.

Søknadsfrist: 20. februar

Sjå her for å lese meir om stillinga og for å søkje.

Sparetips

Bruk tidsur