189 millionar i resultat for SFE

23.03.17

Sogn og Fjordane Energi (SFE) sin årsrekneskap for 2016 syner eit resultat etter skatt på 189 millionar kroner. Dette resultatet er 77 millionar kroner betre enn året før.
 
Høg produksjon og høgare prisar er ei viktig årsak til det gode resultatet i 2016. Kraftproduksjonen enda på 2 117 GWh, noko som er 55 GWh høgare enn i 2015. Samstundes var systemprisen – den gjennomsnittlege prisen på straumbørsen Nord Pool – 6,2 øre høgare i 2016 enn i 2015. Konsernsjef Johannes Rauboti er godt nøgd med resultatet, og at alle verksemdene i konsernet leverte gode resultatbidrag.
– Resultatet er veldig godt sett i lys av dei rådande marknadsforholda. Sjølv om kraftprisane var høgare enn året før, er dei framleis relativt låge sett i eit historisk perspektiv. Men kombinert med stor produksjon gir det likevel eit godt resultat, seier Rauboti.

Utbytte på 77 millionar
Styret i SFE, som handsama årsrekneskapen onsdag 22. mars, tilrår eit utbytte til eigarane på vel 77 millionar kroner – 17 millionar høgare enn året før. Som største eigar vil utbyttet til Sogn og Fjordane Fylkeskommune vere på vel 37 millionar kroner. Dei andre eigarane som får sin del av utbyttet, er BKK og kommunane Flora, Gloppen, Bremanger, Askvoll, Selje, Eid og Naustdal.
– Eg er glad vi kan bidra til god verdiskaping for våre offentlege eigarar, samstundes som vi sit att med verdiar som gir rom vidare utvikling av SFE-konsernet, seier Rauboti.


For meir informasjon:
Martin Holvik, økonomidirektør SFE: 916 95 234, martin.holvik@sfe.no
Johannes Rauboti, konsernsjef SFE: 916 45 264, johannes.rauboti@sfe.no

Sparetips

Sats på fleire varmekjelder