Praktisk informasjon og påmelding

Kraft i Vest vert arrangert 28.-29. september på Sandane i Gloppen kommune i Nordfjord. Konferansen skal vere i kulturhuset Trivselshagen (sjå kart)  og lunsj og middag vert servert på Gloppen Hotell, som ligg fem minutters gangavstand i frå konferansesalen.

Prisar:

 Konferanse begge dagar utan lunsj/middag  Kr 2 600
Konferanse torsdag u/ lunsj  Kr 1 600
Konferanse fredag u/ lunsj  Kr 1 500
Lunsj per dag  (varmmat og dessert)  Kr    295
Festmiddag (trerettar) med underhaldning av Odd Nordstoga  Kr    795
 Alle prisar er eks. mva  


Gjestar på konferansen kan velje mellom overnatting på Gloppen Hotell og Gloppen Camping. Gloppen Hotell ligg fem minutters gåavstand frå Trivselshagen, der konferansen foregår og er ellers plassen for lunsjar og festmiddag. Det lønar seg å vere tidleg ute med påmelding om du ønskjer å overnatte på Gloppen Hotell. Booking av hotellrom gjer du i påmeldingsskjemaet men betaling for overnatting gjerast til hotellet ved utsjekk.

På Gloppen Camping kan du velje mellom ulike typer hytter og leiligheter. OBS! Konferansedeltakarar  må sjølve ta direkte kontakt med Gloppen Camping på telefon 57 86 62 14/41 46 84 33 for å tinge overnatting her. Gloppen Camping ligg tre km frå konferansesalen og det vil bli set opp transport til campingen etter konferansen på torsdag og før festmiddag same dag. På fredag morgon set vi opp transport frå campingen til Gloppen Hotell slik at alle får servert frukost på hotellet. Overnatting på Gloppen Camping betalast ved utsjekk.

For deg som skal køyre til Sandane
Konferansen finn stad i Trivselshagen kulturhus rett ved Firda Vidaregåande skule. Følg skilt til "Kulturhus" og "Idrettshall/badeanlegg". Det er gratis parkering. Sjå kart over konferansesal, Gloppen Hotell og parkeringsplassar her.

For deg som kjem med fly
Send oss ein epost med flytidene dine, så skal vi ordne med transport til og fra Sandane Lufthamn Anda.

Påmelding
Meld deg på her.

Sjå programmet her.

Kraft i Vest 28.-29. september 2017

Sparetips

Sats på fleire varmekjelder