Møt våre tilsette

I SFE jobbar 250 dyktige menneskje innan ei rekkje ulike fagfelt.

SFE er den største energileverandøren i Sogn og Fjordane, og blant dei store kraftselskapa på Vestlandet. Hos oss er 250 dyktige medarbeidarar engasjert innan mange spennande og framtidsretta fagområde slik som til dømes automasjon, miljøfag, elkraft, HMS, økonomi, maskin, kommunikasjon, krafthandel, HR, energirådgjeving, byggfag, finans, marknad, IKT m.m.

Her kan du møte fire av våre tilsette:

Annette Nave Giil
     
Namn: Annette Nave Giil
Alder: 28 år
Utdanning: Bachelor i Markedskommunikasjon frå BI Bergen
Jobbar med: Marknadskoordinator, SFE Kraft
Kvifor trivast eg i SFE: I SFE får eg bruke utdanninga mi fullt ut, og blir dagleg utfordra både fagleg og personleg. SFE set læring og utvikling høgt, noko eg har fått erfare sidan dag en. Eg kan ikkje anna enn å sjå meg sjølv som veldig heldig som får jobbe -og ikkje minst lære av så mange kunnskapsrike og flotte kollegaer.
     
     
 jarte Lofnes Hauge    

Namn:

Bjarte Lofnes Hauge

Alder:

28 år
Utdanning: Master i fysikk/instrumentering
Jobbar med: Jobbar som prosjektingeniør innan automasjon i planavdelinga i SFE Produksjon. Arbeider i stor grad med planlegging av nytt og oppgradert utstyr knytt til målingar, styring og kommunikasjon i kraftverka våre.
Kvifor trivast eg i SFE: SFE er ein stor arbeidsplass med eit mangfald av fagområde representerte. Dette bidreg til eit godt arbeidsmiljø, og gjev rom for problemløysing på tvers av fag. SFE Produksjon står framfor fleire større utbyggingsprosjekt, og har stort behov for oppgraderingar i eksisterande anlegg. Vi har såleis mange spennande prosjekt på gang! Innanfor automasjonsområdet kjem det stadig nytt utstyr, og det å få vere med å påverke kva løysingar som skal veljast er både spennande og fagleg utfordrande.
     
     
     Lærling Kirstoffer Espelund Namn: Kristoffer Espelund
Alder: 21 år
Utdanning: VG1 Elektro, VG2 Elenergi ved Nordfjordeid Vidaregåande Skule.
Jobbar med: Energimontør ved base Reed. 
Kvifor trivast eg i SFE: Å jobbe i SFE er fint. Vi har eit veldi variert arbeid, alt ifrå klatring, graving, linjebefaring, linjearbeid, kabelarbeid. Vi er ute stort sett heile dagane og vi må kle oss deretter. Arbeidsmiljøet er godt, og vi har ein god del moro i tillegg til fagleg arbeid.

Som lærling får ein også vere med på å bestemme litt langs med, etter kvart får vi meir og meir ansvar for jobbar som skal verte gjort. Dette er ganske lærerikt, då må lærlingane sjølve passe på at det rette utstyret er med ut på arbeidsplassen.

Når fredagen kjem har vi vafle i matpausen!

     
     
   Atle Isaksen   Namn: Atle Isaksen
Alder: 37 år
Utdanning: Sivilingeniør Elkraftteknikk
Jobbar med: Avdelingsleiar i SFE Nett
Kvifor trivast eg i SFE: SFE er ei bedrift som er stor nok til at alle medarbeidarar kan finne spennande oppgåver og karrieremogeleghetar. Samstundes er ikkje SFE så stort at den einskilde medarbeidar «forsvinn» som eit lite tannhjul i ei stor maskin. I eit størres selskap ville det kanskje være mogelegheit for større fagleg fordyping og spesialisering, men eg trivst best med variasjon og det å kunne «litt om alt» framfor «alt om litt»
Sparetips

Følg med på energibruken