Vil du bli vår nye kollega?

SFE er eit av dei største energiselskapa på Vestlandet. I SFE-konsernet har du mange alternativ om du ønskjer å jobbe innan fornybar energi – ein sjanse til ei framtidsretta karriere, basert på vasskraft  frå energifylket Sogn og Fjordane.

For oss er våre medarbeidarar ei investering i menneske, kunnskap og engasjement. SFE er også ei prisbeløna føregangsbedrift innan IA-arbeidet (inkluderande arbeidsliv). Vi har eit lågt sjukefråvær og høg medarbeidartilfredsheit, og SFE-medarbeidaren er stolt av jobben sin.

SFE har i dag 260 engasjerte og høgt kvalifiserte medarbeidarar innan eit mangfald av fagområde. Om lag ein tredjedel av våre medarbeidarar er ingeniørar med høgare teknisk utdanning, og like mange er fagarbeidarar som jobbar ute på drift og nybygging av tekniske anlegg. Andre medarbeidarar finn du i utfordrande stillingar innan m.a. IKT, krafthandel, økonomi/finans og marknad.

Med utgangspunkt i ambisiøse klimamål er SFE-konsernet inne i ein periode med stor utbyggingsaktivitet på både nett- og produksjonsanlegg. Det stiller store krav til kompetansen vår, og gir moglegheit for utfordringar og utvikling.

Som engasjert medarbeidar i SFE har du kraft til å påverke framtida.

 

Kontakt oss

  • Send e-post
  • 57 88 47 47 (kundesenter)
  • 57 88 47 00 (sentralbord)
Sparetips

Vask fulle maskiner