SFE Fornybar

For å sikre bedrifta di 100% fornybar energi, kan du få opphavsgaranti på straumen. Sjølv om vi i Noreg produserer fornybar energi som vass- og vindkraft, har vi til tider eit kraftunderskot slik at vi må importere frå utlandet. Den importerte krafta kjem mellom anna frå ikkje-fornybare kjelder som gass og kol. Alle SFE sine anlegg produserer fornybar energi, og vi er dermed sertifiserte av Statnett til å gje ut opphavsgarantiar på  kraftproduksjonen vår.

Det er umuleg å fysisk  "spore" straum frå produksjon til forbruk, men når kundane får opphavsgaranti på straumen sin, vil marknaden få ein etterspurnad etter fornybar energi. På den måten er ordninga med opphavsgarantiar eit incentiv til å fremme fornybar kraftproduksjon.

Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) sin nasjonale varedeklarasjon viser opphavet til straumbruken i Noreg. Noko av straumen er importert kjerne- og kolkraft frå Sverige, Danmark, Finland og Russland.

Kontaktskjema 

Leveringsvilkår næringskundar

Sparetips

Alternativ lysbruk