
110 tilsette
Våre 110 engasjerte og dyktige medarbeidarar jobbar innan eit mangfald av fagområde.
Vi jobbar kvar dag med å auke produksjonen av straum. Fordi fornybar energi er avgjerande for å sikre samfunnsutvikling og å redusere klimautsleppa.
Vi produserer fornybar energi i frå vass- og vindkraft. SFE byggjer på ei 100 år lang historie som kraftprodusent, og er av dei store produsentane av fornybar energi på Vestlandet.
Våre 110 engasjerte og dyktige medarbeidarar jobbar innan eit mangfald av fagområde.
Årleg produserer SFE ca. 2,4 TWh fornybar energi. Det tilsvarar forbruket i rundt 130 000 heimar.
Ei berekraftig framtid er avhengig av stadig meir fornybar energi. Med utviklinga av vass- og vindkraft, og elektrifisering bidreg SFE til klimamåla.
I SFE finst det ulike moglegheiter for deg som ønskjer å vere med på å skape den fornybare framtida.
Oppdraget til vårt nye utviklingsselskap er å bidra til auka aktivitet, etablering av nye lønsame arbeidsplassar og å vere ein katalysator for det grøne skiftet i regionen vår.
SFE er operatør for 33 vasskraftverk i Sogn og Fjordane. Den årlege produksjonen frå vasskrafta tilsvarar straumbruken til kring 130 000 husstandar.
Lutelandet vindkraftverk i Fjaler kommune består av ni turbinar som produserer straum til om lag 9 000 husstandar. I tillegg er vi eigarar i Okla og Hennøy vindkraftverk.
Nyvinn er SFE sitt dotterselskap som mellom anna arbeider med biogassatsing på Byrkjelo. Med Nyvinn ønskjer vi å få fart på det grøne skiftet og verdiskaping i regionen vår.
Med aktiviteten vår bidreg vi til auka verdiskaping i regionen vår. Visste du at SFE er den største skatteytaren i Sogn og Fjordane?
Vi er alltid på utkikk etter talentfulle og ambisiøse menneske som ønskjer å vere med å skape den fornybare framtida!